NORSKE EPLE: Tora Skjerkholt Aarnes og Mette Haugholt i Norsk Eplefest har mykje på menyen på marknadsdagen. Norske eple er sjølvsagt med.
FOTO: Gro B. Røiland
Ventar over 40 bodar på marknaden
Tora og Mette i Norsk Eplefest melder om stor interesse for å bli med på marknadsdagen 28. september. Utstillarane kjem tilbake, år etter år.
– I år er det 19. gongen me arrangerer marknadsdag og mange av utstillarane har vore med heile tida. Det er heilt utruleg, seier Tora Skjerkholt Aarnes, sekretariatsleiar i Norsk Eplefest.