SØRLANDSBANEN: Sørtoget på Bø stasjon.
Marta Kjøllesdal
Utfordringar med vêret ga mindre fornøgde togpassasjerar
Den første kundeundersøkinga i 2024 viser ein nedgang i tilfredsheit blant togpassasjerane. Det skuldast det kalde vêret i starten av året, som ga utfordringar med punktlegheita og avvik.
Togpassasjerane i Noreg har gitt togselskapa ein samla poengsum på 76 av 100 på spørsmålet om kor tilfredse dei er med reisa. Det kjem fram i ei pressemelding frå Jernbanedirektoratet, som opplyser at poengsummen er ein nedgang på tre poeng frå sist kvartal.