NYNORSK ER TEMA: Ruth Olaug Tellnes og Anders Hefre fotografert under Oterholtfestivalen 2023.
Hilde Eika Nesje, arkivfoto
Usikkert for nynorsken viss elevane frå Folkestad skule blir flytta til Bø
Ved ei nedlegging av nynorsk-skulen Folkestad, vil elevane bli flytta til Bø skule. Mållaget er bekymra for at det fører til enda meir svekking av nynorsken si stilling i kommunen.
Bø skule har språkblanda klassar, men med stor overvekt av bokmål. Tidlegare har ein forsøkt å samle alle med nynorsk på same trinn i éin klasse, men det er andre ting enn målform som skal avgjere ny klassedeling.