P
Ungdomspris til Mari og Audun
Bø kommune delte i kveld ut ungdomsprisar til to unge talent innan musikk og skiskyting. Ordførar Borgar Kaasa hadde gleda av å overrekkje prisar til skiskyttar og langrennsløpar Mari Haugenes Elvestad og musikaren Audun Rørmark.
Mari Haugenes Elvestad er 17 år og satsar både på skiskyting og langrenn. Ho går første året på toppidrett skiskyting ved Bø vidaregåande skule. Ho satsar for fullt gjennom Team Telemark Vestfold. Dei to siste sesongane har ho vore einaste jente i treningsgruppa både innan langrenn og skiskyting i høvesvis Skarphedin langrenn og Bø skiskyttarlag. Ho har hevda seg på nasjonalt nivå i fleire år, og det stor gjennombrotet kom i år i begge idrettane. Som første jente i Bø skiskyttarlag tok ho i september NM-medalje i rulleskiskyting. Det blei bronse i juniorklassen kvinner 17 år. I helga tok ho ein flott tredje- og femteplass i eit mønstringsrenn i skiskyting i klasse K 17 år på nasjonalt nivå på Lyngna.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp