GULLBRINGVENER: Kulturhusleiar Trine Brox (midten) saman med gullbringvenene Britt Haugland og Anund Raukleiv.
Gro B. Røiland, arkivfoto
Trine inviterer nye og gamle gullbringvener
Gullbring kulturhus inviterer gamle og nye gullbringvener til møte om vårsesongen 2024. Ein gullbringven er ein som vil hjelpe til på arrangement.
Gullbring kulturhus innførte i sommar ordninga gullbringven. Dette er frivillige som bidrar på konsertar, teater og anna som Gullbring sjølv arrangerer. Å ta imot billettar til arrangement er ei typisk oppgåve for ein gullbringven. Gulrota er fribillett til det dei er frivillige på.