Torsdag opna kafeen igjen. Den faste gjengen gratulerte med ein bukett tulipanar
Både nye og faste kundar strøymde til da Aasmundsen bakeri opna sin nye kafeteria på Bøsenteret i dag. Dei faste gjengane av vaksne karar var på plass, og dei var svært nøgde med opninga av den nye kafeteriaen.
Aasmundsen bakeri opna i dag sitt femte utsalslokale. Etter å ha hatt tilhald i Bøgata i fleire år, og i underetasjen på Bøsenteret ei tid, var dagen komen for at dei opna stor kafeteria i nye lokale der Senterkroa har hatt tilhald i mange år.