To store byggjeprosjekt i startgropa
Store gravemaskiner er i sving både i Stasjonsvegen og Lektorvegen for tida. Det skal rivast for å byggje nytt. Til saman har dei to byggjeprosjekta ein prislapp på nærare 200 milionar kroner. Prosjekta gjev Bø sentrum til saman 38 nye leilegheiter.
I Stasjonsvegen 33 skal det byggjast fire etasjar pluss parkeringskjellar. Her kjem det 18 leilegheiter og eit næringsareal på 900 kvadratmeter på gateplan. Utbyggjar er Grivi Invest med aktørane Norgesgruppen as og Invest Telemark Vestfold med bøheringen Kjell Aage Verpe i spissen. Prosjektet har ein prislapp på minst 80 millionar kroner.