Sigrid Dahl, politistasjonssjef for Midt- og Vest-Telemark.
Marta Kjøllesdal
Tilbake til normalen etter pandemien, men narkotika er utfordrande
Etter eit par år med pandemi er talet på saker som er melde til politiet tilbake til normalen, men narkotika er utfordrande.
Det seier Sigrid Dahl, politistasjonssjef for Midt- og Vest-Telemark, etter å ha gått gjennom statistikken over saker som er melde til politiet i fjor, samanlikna med tidlegare år. Dette handlar altså om saker som er melde, ikkje om saker der nokon er dømde.