SPORARBEID: Det blir vedlikehald på Sørlandsbanen i helga.
Bane NOR
Tettpakka langhelg med vedlikehald på Sørlandsbanen
Sørlandsbanen er tett trafikkert med både person- og godstrafikk, og slitasjen er stor. Nødvendig vedlikehald og modernisering skjer derfor i langhelga som kjem.
– Frå morgontimane torsdag 9. mai og fram til arbeidshelga blir avslutta natt til måndag 13. mai, vil det vere hektisk aktivitet på ei rekke stader mellom Mjøndalen og Nodeland, seier regiondirektør Hans Gunnar Dokken i Bane NOR i ei pressemelding.