LYD OG MELDING: Onsdag vil det kome både lyd og melding som ikkje er vanleg, på alle oppdaterte telefonar.
Sivilforsvaret
Testar ut naudvarsel på telefon – oppdaterte mobilar vil kome med høg lyd
Onsdag vil alle høyre ein høg, sirene-aktig lyd på telefonen. Dette bør du vite om det som skjer og kva du kan gjere om du ikkje vil ha meldinga.
Det som blir testa ut på telefonane til folk i morgon er ein måte å varsle alle innbyggjarane om akutte og alvorlege hendingar som truar liv og helse. Det har fått namnet Naudvarsel.