Korona veltar kjempearrangement:
S
Telemarksveka avlyst
Telemarksveka med sommarshow, sendingar på TV2, skiskule og rulleskirenn, samt besøk av skistjerner og kjendisar, blei i dag avlyst.
Telemarksveka og Sommarland skifestival skulle gått av stabelen i dagane 22. til 28. juni. I dag blei det klart at også dette arrangementet må bøye seg for Korona-epidemien.
– Det er med tungt hjarte me i dag sender ut melding om at TelemarksVeka og Sommarland Skifestival denne sommaren blir avlyst. Planane var store og me er mange som har jobba hardt heilt sidan fjorårets arrangement med ein ny stor folkefest i Telemark, seier prosjektleiar Tormod Hynne i ein pressemelding i dag.
Hynne seier at Norges Skiforbund la inn startnekt på alle landslagsløparane sine før sommaren som følgje av Korona-epidemien.
– Det gjorde vår avgjerd om å avlyse enkel. Utan skistjernene forsvann også heile tv-produktet som finansierer resten av arrangementet, seier Hynne.
– For idrettslaga Skarphedin langrenn og Skade langrenn betyr dette store økonomiske tap. For destinasjonsselskapet Visit Bø fell mykje god marknadsføring for heile regionen bort, seier Hynne, som takkar samarbeidspartnarar og sponsorar for eit svært godt samarbeid i prosjektet.