S
Tek ikkje sjansen på å halde ope i påska
Verken Bull Inn eller Pizzafjoset vil ha opent denne påska. Dei stenger av smittevernomsyn.
– Me stenger frå og med fredag og held stengt ut måndag andre påskedag. Me stenger på grunn av at campingplassane er fulle og me veit korleis det blir. Viss det bare var lokale folk og studentar som gjester, ville det vore noko anna, seier Lars Olav Stykket på restauranten Pizzafjoset.