VIL KOSTE: – Det vil koste, men er verd å tenke over, sa styreleiar i USN, Tore Isaksen.
Bø blad, arkiv
Styreleiaren vil at universitetet skal sjå mot Fensfeltet
Nyleg var det styremøte i USN, og der blei det sagt at ein har jobba med utbygginga av USN i Bø i åtte år. Det har vore varsla at det skulle kome vedtak i vår, men styret har nok ein gong utsett saka.
Onsdag denne veka var det styremøte ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Det vart heller ikkje denne gongen gjort vedtak om å starte utbygging i Bø. Likevel kallar samfunnskontakt ved campus Bø, Tone Jøran Oredalen, det som skjedde i styremøtet for fantastisk.