MØRKT: Heilt sidan jul har det vore mørkt i lysløypa i Folkestad.
Hilde Eika Nesje
Straumrekninga sløkte lysløypa, men nå blir det litt lys
Høg straumrekning gjorde at Folkestad Vel valde å slå av lysa i lysløypa før jul. Hans Erik Skree Bergskås garanterer nå at det skal vere lys på i helgene ut sesongen.
I heile vinter har lysløypa i Folkestad ligge i mørket. Hans Erik Skree Bergskås i Folkestad Vel fortel at velet ikkje har særleg med inntekter, og med dagens høge straumrekningar tappast laget for pengar kvar månad. Difor valde styret å mørklegge lysløypa i vinter.