Strålande fornøgd Arvid: – Ein fantastisk start på helga
– Eg kan ikkje hugse å ha opplevd så mykje folk på den første fredagen av sommarmarknaden. Dette lovar godt for resten av helga, seier Arvid Hagen.
Telemarkshallen i Bø er igjen fylt til randen av ting og tang. Skarphedin IL, med Arvid Hagen i spissen, har nok ein gong opna dørene til sommarmarknaden. I år er heile 100 utstillarar på plass, mot 75 i fjor.