Strålande debut for 101-åring: Mange var med og tevla – blant dei Anne Britt og Guro
For aller fyrste gong på 101 år har Sjodar husa ein kappleik. Det skjedde sist helg, med utøvarar på scenen frå 13 til 88 år.
I januar blei Nye Sjodar – regional scene for folkemusikk og folkedans – offisielt opna med innslag frå heile folkemusikk-Telemark. Sist helg var mange av dei tilbake, til den fyrste kappleiken i forsamlingslokalets 101-årige historie.