LEIAR: Peder Lofnes Hauge.
Kristianne Marøy
Stortingspolitikarar sa nei: – Det er ekstremt skuffande
Ordføraropprop og bønn frå ulike utdannings- og språkmiljø hjelpte ikkje. Utdanningskomiteen på Stortinget har sagt nei til å sikre nynorske læringsressursar som er laga for skulen.
– Det er heilt uforståeleg at fleirtalet på Stortinget ikkje vil modernisere opplæringslova slik at ho vert tilpassa den digitaliserte framtida i skulen. Dette er eit stort tap for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.