Per Fostervoll fekk applaus då han viste til at adressa til eigarselskapet til Gullbring blir i Borre i Vestfold, det ønskjer ein ikkje.

Stor skepsis mot Gullbringsal

Mange av dei frammøtte på folkemøte om Gullbring var skeptiske til å selje storsova til Studentsamskipnaden.

Publisert Sist oppdatert

Det kom nærmare 150 menneske då kommunen inviterte til møte om framtida til Gullbring kulturanlegg på Bø ungdomsskule onsdag kveld. Første mann på spørsmålslista etter at kommunalsjef Terje Kili og Gullbring hadde informert, var tidlegare rådmann i kommunen, Per Fostervold. Han etterlyste ei overordna politisk behandling om kva ein vil med kultur i Bø. Han viste til at ekspansive kommunar i dag byggjer kulturhus til mange 100 millionar kroner. Det gjorde Bø for 25 år sidan.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS