N
Stengjer riksveg 36 Manheimsstrondi på nytt
Vegvesenet melder at riksveg 36 mellom Øvre Bø og Seljord blir stengt igjen frå måndag 6. januar. Vegen blir stengd til 1. mai.
Dette er i tråd med det som har vore varsla tidlegare. Vegvesenet skriv i ei melding som er lagt ein del postkasser at entreprenøren, Hovden hytteservice, har kome i gang med å sprengje det som skal bli dei nye vegskjeringane. Det arbeidet vil halde fram utover våren. Det meste av steinen som blir sprengt ut blir seinare brukt i sjølve vegen.