STENGT: Fylkesvegen på Garvikstrondi blir stengt på ubestemt tid på dagtid.

Stenger fylkesveg rett før Dyrsku'n

Fylkesvegen mellom Seljord og Bø blir stengt på dagtid på grunn av vedlike­hald.

Publisert

Tysdag 8. september klokka 08.00 stenger fylkesveg 3328 Garvikstrondi mellom Brennmo og Telnessanden. 

– Årsaka er at ein om lag 100 år gammal steinmur har begynt å rase ut i botnen, og den må me sikre for å unngå at vegen sviktar, opplyser Telemark fylkeskommune.

Vegen vil derfor vere heilt stengd på dagtid mellom klokka 08.00 og 19.00 på kvardagar og laurdag mellom klokka 08.00 og 15.00.

ØVRE BØ: Skilt som viser at fylkesveg 3328 blir stengt på dagtid.

– Utanfor desse tidene er det fri ferdsel, opplyser fylkeskommunen.

Etter planen skal arbeidet vere ferdig i løpet av veke 38. Ein skal sikre muren med stag som blir bora fast i fjellet og påføre sprøytebetong.

Fylkeskommunen beklagar ulempene dette medfører.

Powered by Labrador CMS