KAFE HVIDESØE: Kafeen opna i Bø som ein forlenging av kaféen i Kviteseid.
Adriana Sòria Peris
Stenger for å opne igjen med nytt konsept
– Dette blir ein stad med fokus på sosial inkludering, berekraft og miljøglede. Det seier Elisabeth Haugo, dagleg leiar i Kafe Hvidesøe, om den nye verksemda som skal opne i same lokal.
Kafe Hvidesøe opna i fjor sommar etter at kafeen Heksesmuget stengde dørene. Elisabeth Haugo ønska ein kafé med fokus på berekraft i Bø. Nå vil ho utvide konseptet og opne igjen med nye idéar og fleire aktivitetar ved sida av kafédrifta.