RAUDT I FOKUS: Veslemøy Gundersen og Anne Guri Hegna Smeplass seier raudt er hovudfarge på Valentines Day.
Unni Buverud
Stadig fleire feirar kjærleiken: – I dag er mannfolk i fleirtal her
Valentines Day har fått innpass også i Midt-Telemark. Hos Blomsterstemning i Bøgata var det eit jamnt sig av kundar tysdag.
Det er stadig fleire som vil feire kjærleikens dag med blomar til kjæraste, sambuar eller kone. Det merkar Veslemøy Gundersen og Anne Guri Hegna Smedplass, som eig Blomsterstemning, den fargerike butikken i Bøgata.