PÅ SYNFARING: PTN-utvalet var på ein runde og såg på aktuelle næringsareal. Her er dei ved massetaket på Akkerhaugen.
Øystein Akselberg
Spelar fortsatt ball om næringsareala i kommunen
Ansvaret for kven som skal utvikle nye næringstomter i Midt-Telemark har vore uavklart ei tid. I kommunestyret måndag blei ballen spelt tilbake til administrasjonen.
Kven som har ansvaret for å utvikle nye næringstomter i Midt-Telemark kommune ser ut til å ha blitt eit spel der deltakarane er politikarane i utval for plan, teknikk og næring (PTN), kommuneleiinga ved kommunedirektøren, Midt-Telemark og Nome Utvikling AS, Midt-Telemark Næringspark AS og Midt-Telemark Kommunale Eigedom AS.