ENGASJEMENT: Planane om solcellepark på Sundsmoen engasjerer mange på Nordagutu.
Gro B. Røiland
Solcelleparken har sett sinna i kok: – Ein føler at dei vil ta det me har
Planane om solcellepark i skogen på Sundsmoen er for tida det store samtaleemnet på Nordagutu. Mange er bekymra og redde for å miste eit populært turområde.
I kommunestyremøtet måndag 8. mai presenterte Agder-firmaet Solutvikling AS planane om å bygge solcelleanlegg på Sundsmoen på Nordagutu. Her kom det fram at det bakkemonterte solcelleanlegget er planlagt på eit 270 mål stort areal, tilsvarande 37 fotballbanar.