GODT NØGD: Rektor Jon Helge Bergane konstaterer at det er auke i talet på elevar som har søkt seg til Bø vidageåande skule til hausten.
Bø blad
Søkartala er klare og rektor kan smile
Totalt 357 elevar har søkt Bø vidaregåande skule som førsteval neste skuleår. Det er om lag 15 fleire enn i fjor på tilsvarande tidspunkt.
Tala for samordna opptak til dei vidaregående skulane i Vestfold og Telemark er nå klare. Til Vg1 er det i år 5961 søkarar. Av desse har 3194 søkt yrkesfag og 2767 søkt studieførebuande fag. Det betyr at 54 prosent av søkarane til Vg1 har søkt yrkesfag, mens 46 prosent har søkt studieførebuande fag.