Snudde minus til solid pluss i det vanskelege koronaåret
Det såg mørkt ut for lokalavisa i Midt-Telemark da landet stengte ned i fjor vår. Takka vere auka digitale inntekter, pressestøtte og god kostnadskontroll, går Bø blad likevel med over ein halv million kroner i pluss i 2020.
Med eit årsresultat på 584.641 kroner i pluss kan dagleg leiar og redaktør i Bø blad, Hilde Eika Nesje, seie seg godt nøgd med fjoråret. Lokalavisa for Midt-Telemark leverer tidenes resultat i det som alle trudde skulle bli det verste året i verksemdas snart 35 år lange levetid.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp