MØTAST I BØ: Per Anders Buen Garnås og Alexander Aga Røynstrand på Landskappleiken i juni, der Per Anders vann A-klassa. I år spelar begge på Borgjakonserten.
Gro B. Røiland, foto og montasje
Snart blir det meistermøte mellom Telemark og Hardanger
I den tradisjonelle Borgjakonserten vil me i år møte Per Anders Buen Garnås frå Bø i Telemark og Alexander Aga Røynstrand frå Granvin i Hardanger.
Borgjakonserten har ein lang historikk på Telemarkfestivalen. På konserten spelar ein eller fleire hardingfeleutøvarar som har utmerka seg i særleg grad. Det gjeld i aller høgste grad Per Anders Buen Garnås og Alexander Aga Røynstrand. Sundag 11. august møtast dei i Borgjakonserten på Nye Sjodar.