FASTEAKSJON 2024: Konfirmantane i Bø og Sauherad førebur seg til årets innsamlingsaksjon. Her er ei gruppe på Bø bedehus. Bak frå venstre Torje Benjamin Skalstad, Magnus Vestgarden, Sverre K. Ims Hjelmbrekke, Oduwala Iyoha og Kristian Morritz Sønstebø. Framme f.v. Tessa Bø Solberg, Ingrid Elvine Verpe, Guro Espedalen Lium og Kari Skogen.
Øystein Akselberg
Snart bankar 76 ungdommar på dørene i kommunen
Årets fasteaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp står snart for døra. Da kan du vente deg besøk av ein hyggeleg konfirmant med bøsse.
Som i fjor heiter årets bistandsprosjekt i regi av Kirkens Nødhjelp «Håp i en dråpe vann». I fjor blei det samla inn 63.577 kroner av konfirmantane i Midt-Telemark. Det ga reint vatn til mange menneske ein stad der ute i verda.