VINTEREN ER HER: Slik såg det ut på Lifjell den siste dagen i november 2022. Biletet er tatt i bestemorsløyfa under Bøkstulnatten.
Tom Reidar Fåne
Slik ser det ut på Lifjell nå: – Det ligg nysnø på ein liten, hard sole
Mens det har regna nede i bygdene i Midt-Telemark, har det nå lagt seg fin og kvit snø på Lifjell.
Det har kome mykje nedbør som regn i låglandet dei siste vekene. Med milde dagar har det vore mykje vått og grått, men me som bur i Midt-Telemark er så heldige at me har Noregs sørlegaste høgfjell tett på, og der har nedbøren også kome som snø i det siste.