Sjukefråveret aukar: Flest sjukmeldte i helsesektoren
Første kvartal var det legemeldte sjukefråveret i Vestfold og Telemark 6,6 prosent. Dei to fylka hadde litt høgare sjukefråver enn gjennomsnittet i landet, som var på 6,2 prosent.
Samanlikna med same kvartal i fjor har sjukefråveret auka meir i Vestfold og Telemark enn på landsbasis. Det melder NAV.