STIPENDVINNAR: Åsmund Skjeldal Waage.
Claudia Höhne
Sju unge talent får støtte frå Bjørn Thores Minnefond
Tre unge midt-telemarkingar får dei største stipenda frå Bjørn Thores Minnefond. Sju talent frå heile Telemark søkte i år, og alle fekk del av kaka.
– Me fekk inn sju søknadar innan fristen. Det var stor variasjon i dei, både med tanke på alder, sjanger, geografi og musikalsk utvikling. Alle søkjarane er frå Telemark, seier leiar i styret for minnefondet, Sigrid Dahl.