PÅ BESØK: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland med ein leikemotorsykkel.
Privat
Siri har sjekka ut leikeapparat til Evjudalen
Ordføraren har besøkt Søve AS for å sjå på leikeapparat til Evjudalen.
Måndag denne veka var ordførar Siri Blichfeldt Dyrland på vift til nabokommunen Nome, der ho besøkte familieverksemda Søve AS. Bakgrunnen for turen var at ordføraren har fått spørsmål frå fleire innbyggjarar i Midt-Telemark om det går an å få på plass leikeapparat til mindre ungar i Evjudalen.