PÅ SKULEBENKEN IGJEN: Jeanette Erlandsen (t.v.), Tove MacEoin og Elisabeth Berntsen har sett seg på skulebenken igjen.
Marta Kjøllesdal
Set seg på skulebenken igjen – og det er heilt gratis
– Det tek til å bli nokre år sidan me gjekk på skule sist, innrømmer Jeanette Erlandsen, Elisabeth Berntsen og Tove MacEoin. Men no er dei tilbake.
Alle dei tre jobbar ved skjerma avdeling i Midt-Telemark kommune og er med på det nye kurset som Fagskolen Vestfold og Telemark og Fagskolen aldring og helse har for tilsette i Midt-Telemark kommune og Notodden kommune. Dei er helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar.