LEIAR: Einar Søreide i Telemark mållag.
Privat
Rosar vedtak: – Siger for nynorsk i Telemark
– Nynorsk skal framleis vere ein viktig del av identiteten hos folk i Telemark. Gratulerer til det nye fylkestinget.
– Det seier leiar i Telemark Mållag, Einar Søreide, etter at fylkestinget med 28 mot 13 røyster har vedtatt at minst 40 prosent av allment tilgjengelege dokument skal skrivast på nynorsk. Det tyder på at nynorsken blir godt synleg i pressemeldingar, stillingslysingar, saksutgreiingar og ikkje minst på nettsidene i fylkeskommunen.