P
Rekordmange traner
Denne våren har det vore mange traner i Midt-Telemark. Ein fuglekjennar har tald 72 individ i ein flokk ved Bøelva i Øvre Bø.
Bø blad var ein tur langs Bøelva i Øvre Bø fredag føremiddag for å sjå etter tranefuglar. Me hadde fått tips frå fuglekjennar Morten Rask Arnesen om at det var ekstra mange i år. Allereie mellom riksvegen og Forbergvegen fann me ein stor flokk i ein kornåker. Fleire av dei var på vingene og plutseleg flytta flokken seg nærare Bøleva.