I ARBEID: Rypetaksering for Statskog

Rekordmange ryper og skogsfugl blir tald

Frivillige landet rundt tel nå rype og skogsfugl langs rekordmange linjer på oppdrag frå Statskog. Resultata avgjer omfanget av haustens jakt.

Publisert Sist oppdatert

– Me set i gang eit internasjonalt anerkjent forskingsprosjekt saman med NINA, som krev ekstra kartlegging. Heldigvis har me positive frivillige landet rundt som bidreg med takseringa nå, seier fagsjef i Statskog, Jo Inge Breisjøberget.

I ei melding frå Statskog blir det opplyst at takseringa pågår i perioden 1.-20. august. 

I 2024 registrerte Statskog langs 4 000 kilometer i terrenget, ein distanse som tilsvarer Oslo - Roma tur retur. 

Årets taksering vil innebere ny rekord med god margin.

Takseringane er avgjerande for at Statskog skal kunne tilby jakt innanfor ramma av berekraftig forvaltning.

Internasjonalt utstillingsvindu

– Verdien av dataene me får er uvurderleg og eineståande i internasjonal samanheng. Noreg skil seg ut her og er i ferd med å bli eit utstillingsvindu. Tellingane inneber heller ikkje nokon målbar forstyrring av rype og skogsfugl, seier Breisjøberget.

Statskog opplyser at takseringar blir gjennomført i område frå Njardarheim i sør til Reisavann i nord. Mengda data og den vitskaplege metoden gjer at bestandsestimata blir svært pålitelege.

Kompetanse og metode

Takseringane blir utførte for Statskog av medlemmar i foreiningar i Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF), samt enkelte fuglehundklubbar. 

Alle taksørar er kursa og nyttar erfarne fuglehundar. Metoden som blir nytta er såkalla distance sampling - ei linjetaksering der fugl blir registrert langs faste linjer i terrenget.

Alle ekvipasjar er utstyrt med markeringsdekken merka «TAKST», og takseringane dekkjer lirype, storfugl, orrfugl og enkelte linjer for fjellrype.

Frå felt til forvaltning

Takseringsresultata blir mata inn i Statskog sin forvaltningsmodell, som igjen gir svar på kor mange som kan sleppast til på jakt i desse områda i haust.

Ei lang rekke forhold påverkar dei årlege bestandsvariasjonane hos rype og skogsfugl. Aller viktigast er syklusane innan smågnagarbestand. Mykje mus og lemen er attraktivt for rovdyr og bidreg til å avgrense predasjon av rype og skogsfugl. 

Når det er krasj i smågnagarbestanden får ein ifølgje Statskog langt høgare rovdyrpress på rype og skogsfugl.

– Førebels ser me innslag av både svake og lovande tal, men det er altfor tidleg å konkludere med noko. Me vil kunngjere resultata rundt månadsskiftet august-september frå teljingar i haust, seier Breisjøberget.

Landsdekkande innsats

Takseringane pågår no i følgjande område:

Sør-Noreg: Njardarheim, Kongsvoll, Finnemarka, Sølvverket, Gjerstad, Regionfelt Austlandet, Evenstadlia, Rendalen, Varaldskogen, Løten, Meitsjøen, Gravberget, Fulufjellet, Ljørdalen og Drevfjellet

Midt-Noreg: Bangdalen, Røros, Midtre Gauldal, Bogn og Gilten, Stjørdal, Meråker, Malvik, Meråker, Orkland-Melhus-Skaun, Namsskogan, Steinfjellet, Oppdal

Nordland: Heile fylket

Troms: Heile fylket

Powered by Labrador CMS