Redaktøren har lyst til å sjå deg betre
Ønskjer du at laget eller organisasjonen din blir oftare sett i lokalavisa? Da kan du ta turen til sentrum på torsdag.
– Me har gjort dette fleire gonger tidlegare, og dei som følgde godt med har fått resultat, seier Hilde Eika Nesje, ansvarleg redaktør i Bø blad – Lokalavis for Midt-Telemark.
Ho viser til møtet som lokalavisa har invitert inn til torsdag 16. april, der ein ønskjer representantar frå ulike lag og organisasjonar i kommunen velkomen.
Kort og konsist
– Målet med møtet er å informere litt om lokalavisa og korleis me jobbar. I tillegg vil me vise og kome med konkrete tips til korleis dei frivillige laga kan samarbeide med oss, og korleis dei kan nå fram med bodskapen sin eller dei spesielle historiene, seier redaktøren.
Ho fortel at det ikkje skal vere ein lang seanse, og det blir sett av god tid til spørsmål for dei som er ekstra interesserte.
Med seg på møtet har Eika Nesje dagleg leiar i marknadsavdelinga, Linn Malén Vefald.
Ho skal informere litt om korleis ein kan bli god på marknadsføring av eige lag i lokalavisa, korleis ein bør planlegge før arrangement og kva for tilbod og rabattar lokalavisa kan gje den enkelte.
Større forståing og betre samarbeid
– Poenget er å vise lokalsamfunnet heilskapen slik at ein får større forståing for lokalavisproduksjonen. Slik kan me samarbeide betre og gjere frivillige meir synlege i det organet som best bind innbyggjarane i kommunen saman, seier redakøren.
Ho ser fram til møtet, og blir å finne i tredje etasje i bygget der Bø blad held til.
– Eg er veldig glad i folk og gler meg stort til dette. Eg håpar mange lag sender ein person, kanskje særleg dei som me ikkje ser så ofte på flatene våre, seier Eika Nesje.