A Quiz om adventstid, julebrygg og gamle kongar Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Spørsmåla kan til tider vera farga av det. Denne gongen er det Gro sin tur. Gro Birgitte Røiland Publisert laurdag 21. november 2020 - 14:00 Sist oppdatert laurdag 21. november 2020 - 14:00 Del på Facebook Del på Twitter Del på e-post Den 29. november er fyrste sundag i advent. Kor kjem ordet advent ifrå? Kva er adventsfarga? Kva er advent i kyrkjeåret? Kor lenge varar advent? Adventstida betydde fare, ifølgje norsk folketru. Ein skummel gjeng for rundt. Kven? Ei anna skummel type kunne treffast på ute på natta før jul. Kven? Ordet jul er ein arv frå norrøn tid. Kva var jul da? Kor lenge vara jula i norrøn tid? Ein norsk konge påbaud på 900-talet feiring av jul 25. desember. Kven? Før han blei konge i Noreg, hadde han blitt kristen og døypt i eit anna land. Kor hen? Kva heitte far hans? Juleøl er gamal norsk tradisjon. Kva heiter lova der ølbrygging blei påbode? Alkoholfritt øl med lange tradisjonar i Telemark. Kva heiter det? Verdas beste julebrus er den grumsete oransje. Kven laga den fyrst? Til julebrusen er det godt med alle sju slaga. Kva er det? Kjære lesar! Eksisterande abonnent? Logg inn her For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga. Har du ikkje abonnement? Bli abonnent Eksisterande abonnent? Logg inn her ✕ nyheit Del på Facebook Del på Twitter Del på e-post