E
Polititilsett underslo tablettar og køyrde bil i tablett-rus
Køyringa i rusa tilstand i Midt-Telemark enda med at han måtte ha hjelp av bilbergar to gonger same natt. No har han fått dommen.
Mannen, som nyleg vart dømd i Oslo tingrett, jobba i eit vikariat i politiet då lovbrota skjedde. Han stod tiltalt for å ha underslått tablettar av typen Ksalol med det narkotiske virkestoffet alprazolam.