FIRE MOT TRE: Utval for plan, teknikk og næring diskuterte asylmottak i eit ekstra møte. Rundt bordet f.v. Astrid Staurheim (Sp), Frid Berge (V), Øystein Tveit, Espen Lydersen (MDG), Siri Blichfeldt Dyrland (Sp) som har møterett, Torbjørn Lahus (H) og Øystein Slettbø (Sp). Hans Sundsvalen (Ap) og Bjørn Roger Aanesen (Frp) er med digitalt.
Marta Kjøllesdal
Planen om asylmottak oppe i ekstraordinært utvalsmøte
I to timar diskuterte utval for plan, teknikk og næring om ein skal gi midlertidig løyve til å opprette asylmottak i deler av Breisås studentheim. SSN reagerer på debatten.
Det er Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge (SSN) som har søkt om dette etter reglar som er innført for å få til ein raskare saksgang og skaffe plassar til dei mange flyktningane som strøymer til, ikkje minst frå Ukraina. Utlendingsdirektoratet (UDI) skriv i eit brev at ein bed kommunar om å gjere unnatak frå krav i plan- og bygningslova for å skaffe plass til asylsøkjarar som har behov for vern. Det kan ein gjere med bakgrunn i endringar i lova som Kommunal- og distriktsdepartementet har gjort.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp