I
Pangstart for Ungdata-undersøkinga i Midt-Telemark
Ungdata-undersøkinga er i gang i skulane i Midt-Telemark. Ved Bø vidaregåande skule er svarprosenten skyhøg.
Ungdata var eit av tema i sist møte i Ungdomsrådet i Midt-Telemark. Måndag i førre veke starta spørjeundersøkinga på Bø vidaregåande skule, og etter dei tre første dagane låg svarprosenten på 88 prosent.