Opnar snart ny gang- og sykkelveg
Bø kommune sitt prosjekt med omlegging og oppgradering av gang- og sykkelvegen langs Bordvegen går stadig framover. Det har ei tid vore lysregulering og berre eit køyrefelt opp bakken frå Flitakrysset for å sikre ein midlertidig veg for gåande og syklande. Denne ordninga blir avvikla før jul og dermed blir den nye gang- og sykkelvegen opna for bruk.
Det gjenstår arbeid med oppsetting av autovern, nye gatelys og andre detaljar. Asfaltering vil skje til våren. I dag tidleg var det bygging av støttemur som pågjekk.