NY BUTIKK: Senterleiar Tove Bringa (t.h.) tek imot nye butikkdrivarar på Bøsenteret denne veka. Eigarane Marianne Sørensen (t.v.) og Ann-Elin Løchen er dotter og mor i familiebedrifta.
Øystein Akselberg
Opnar ny butikk på senteret: – Me har trua på dette
Torsdag opnar ein ny butikk på Bøsenteret, og med det opnar ei familiebedrift sin første butikk på bygda: – Me må tore å satse sjølv i vanskelege tider. Bø er spennande, seier dei.
På Bøsenteret er det hektisk aktivitet for tida. Senterleiar Tove Bringa tek oss med opp rulletrappa og til venstre. Der heng det eit nytt butikkskilt i vindauget og innanfor summar det av liv.