Ø
Ønskjer lokalbefolkninga velkommen til vassparken
Den tradisjonelle Bø-dagen i Sommarland kunne ikkje gjennomførast i år. No ønskjer parken likevel å gje lokalbefolkninga noko ekstra.
I mange år har fredagen før fyrste offisielle opningsdag i Bø Sommarland vore gratisdag for dei som bur i bygda. I annleisåret 2020 blei dette vanskeleg å gjennomføre. No, mot slutten av sesongen, ønskjer Sommarland likevel at ekstra mange frå lokalmiljøet skal få oppleve parken.