GAMALT NYTT: Offentleggjering av skattelistene er gamalt nytt, men måten det blir gjort på er endra opp gjennom åra.
Skatteetaten
Offentlege skattelister er gamalt nytt – det starta på 1600-talet
Den norske praksisen med offentlege lister over enkeltpersonar si skattbare inntekt og formue, og kva dei betalar i skatt, strekker seg langt tilbake.
Heilt sidan rundt 1660 er det dokumentert at oversikter over kva den enkelte skatteytar skulle betale i skatt blei slått opp på offentleg stad i byane.