SAMARBEIDER: F.v. Siri Blichfeldt Dyrland, varaordførar Bjørn Magne Langkås og Gunnhild Stokke Espeseth.
Privat
Nytt og tettare samarbeid: Dette ønskjer studentane
Studentar treng deltidsjobb, kommunen treng arbeidskraft. Dette er ei av problemstillingane som ordførar Siri Blichfeldt Dyrland tek med seg frå første møtet med representanten for studentdemokratiet.
Tidlegare i mai hadde ordførar Siri Blichfeldt Dyrland og varaordførar Bjørn Magne Langkås møte med Gunnhild Stokke Espeseth. Ho er leiar for studentdemokratiet ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), campus Bø.