The Eurasian lynx is a wild cat in Europe and Siberia. Close-up image with snowy background.
G

Nytt gaupefall i vår region

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark melder torsdag kveld at ei gaupe er felt i Seljord i dag. Dermed er det skote tre gauper under årets kvotejakt.Torsdag kveld, 4. februar, blir det meldt at det er felt i gaupe i Seljord kommune i dag. Det gjeld ein vaksen hann på 19 kilo. Dette er under jaktområde 2; Midtre og vestre delar av tidligare Telemark fylke pluss Bykle og Valle kommunar i Agder. Midt-Telemark kommune ligg under jaktområde 2. Her er det ei kvote på ti dyr, inkludert tre vaksne hodyr.Frå før under kvotejakta er det meldt om følgjande: Tysdag 2. februar blei det felt to gauper. Først fall ei vaksen hanngaupe på 20 kilo i jaktområde 3 og seinar ei vaksen hanngaupe på 19,5 kilo i jaktområde 4. Den første falt i Siljan og den andre på Felle i Nissedal. Seinare på tydag blei det meldt om eit jaktlag i Sauherad hadde retta skot mot i gaupe, utan at den blei feldt. Statens naturoppsyn melder at jaktlaget sjølv har gjort ettersøk utan å gjere funn på at gaupa har blit treft. Om ettersøka skal fortsetje er ikkje kjent.

Publisert Sist oppdatert

Kvotejakt

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS