N
Nye tal frå NAV: Stor auke i ledigheita
22.112 personar er heilt arbeidsledige i Vestfold og Telemark. Dette tilsvarer 10,6 prosent av arbeidsstyrken. I Midt-Telemark kommune er talet på ledige 426, som er 8,1 prosent av arbeidsstyrken.
NAV melder at heile landet opplever ein eksplosiv auke i arbeidsledigheita målt ved utgangen av mars. Årsaka er permitteringer og oppseiingar som følgje av koronapandemien.