SKRIBENTAR I BØ BLAD: F.v. Camilla Skiaker Mælen, Even Skårberg Aarnes, Kjell Bitustøyl og Solfrid Bratland-Sanda.
Hilde Eika Nesje
Nye folk på plass: Vil vere relevante og meine litt
Fire nye skribentar står klare med skråblikk på lokalsamfunnet. I eit år framover skal dei vere med i den faste spalta Sidesprang i Bø blad.Lokalavisa i Midt-Telemark følgjer opp ein lang tradisjon når fire nye spaltistar skal få boltre seg i den faste spalta Sidesprang.
I fleire år har Bø blad invitert inn skribentar frå lokalsamfunnet i spaltene, som speglar ulik bustad, ståstad, alder og kjønn i Midt-Telemark. Målet med ei slik spalte er at fleire stemmer skal få plass til å ytre seg i avisa, som er det viktigaste bindeleddet mellom folk i kommunen.