N
Ny fastlege på plass i Bø
Bø legesenter har fått ny fastlege, etter ein lengre periode med mange vikarar ut og inn.
– Fastlegesituasjonen i Midt-Telemark har vore eit tilbakevendande problem som me har brukt mykje ressursar på, både personal- og pengemessig. Det er ekstra fortvilande sett i lys av kommunens dårlege økonomi, seier kommuneoverlege Kristin Sekse, og er derfor veldig glad for at ny fastlege, Charlotte Harper, er på plass ved legekontoret i Bø frå neste måndag.